Hjelp Ukrainske flyktningar i Ålesund kommune

I denne gruppa vil vi koordinere frivillig innsats i samband med evt. flyktningar som kjem til Ålesund Kommune. Det er pr. tiden ikkje noko spesifikke oppdrag, men når det kjem vil dei bli lagt ut på denne sida. Behovet og omfanget av frivillig innsats er uavklart, men det er ein ressurs å ha ei liste over personar vi kan kontakte. Døme på evt. oppgåve som kan trengast hjelp til er: * fadder/støtteperson * praktisk hjelp * språkhjelp/oversettar * hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet. Både enkeltpersonar og frivillige lag og organisasjonar kan melde seg inn i arrangørsida. Lengst ned på denne sida står det beskrive korleis ein melder seg inn. Når du har laga profilen ynskjer vi at de legg inn følgjande informasjon i «melding til arrangør-boksen": 1. Kva kommunedel du tilhøyrar (Ålesund, Skodje, Haram, Sandøy eller Ørskog) 2. Utdanning, kompetanse (digital, praktisk, teknisk), yrkesbakgrunn eller anna informasjon som kan vere relevant For frivillige lag og organisasjonar: merk at Friskus profilen må vere knytt til ein enkeltperson (td. leiar eller nokon i styret). Om du tilhøyrar ein organisasjon som ynskjer å ta ei koordinerande rolle, ber vi deg i tillegg om å oppgi a) kva organisasjon du representera og b) kva måte dykk ynskje å bidra. Uansett kva du ynskjer å bidra med takkar vi for at du melder deg inn! Vi set stor pris på engasjementet, og tek kontakt når vi har konkrete oppgåver som må løysast. Om du ikkje får til å melde deg inn i Friskus, så kan du ta kontakt med Emilie Glas ved Ålesund Frivilligsentral: alesund.frivilligsentral@alesund.kommune.no - - - - - - - Slik melde du deg inn i gruppa: Trykk på «FØLG ARRANGØRSIDEN» . Steg to er å lage seg ein Friskus-profil, eller logge inn om du har oppretta ein frå før. Deretter er du automatisk med i gruppa. Hugs å legg inn følgjande informasjon: 1. Kva kommunedel du tilhøyre (Ålesund, Skodje, Haram, Sandøy eller Ørskog) 2. Utdanning, kompetanse (digital, praktisk, teknisk), yrkesbakgrunn eller anna informasjon som kan vere relevant

Copy link for sharing to facebook groups

Practical Information

AddressKirkegata 33, 6005 Ålesund, Norge
Contact person
Members in an organization: 187
Updated at: 18 Sep 2025

If you have any questions, please do not hesitate to contact us