Sterk og stødig er eit tilbod om forebyggande treningsgrupper for seniorar i alderen 65+. Treningsintensitet og støtte er tilpassa dei med redusert balanse.
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Treninga føregår hovudsakleg ståande, og noko sitjande, og ein kan støtte seg litt til ein stol.
Målgruppe
-Du klarer deg framleis godt i eigen heim utan særleg bistand frå kommunen.
-Du føler deg ustø til tider, men kan gå utan hjelpemiddel innandørs.
-Du kan komme deg til og frå treninga sjølv.
Ansvarleg for tilbodet er Verksemd for Førebygging og meistring, avdeling for fysioterapi, ergoterapi, og syn- og høyrselkontakt.
Viss du har spørsmål, send e-post til sterkogstodig@alesund.kommune.no eller ring 90972546 (måndag-fredag 10.00-13.00).