Tuning in to teens (TINT) er eit foreldrerettleiingsprogram for foreldre med tenåringar i alderen 13 til 16 år.
Programmet fokuserer på det emosjonelle båndet mellom foreldre og tenåringen. Det støttar foreldre slik at tenåringens følelsesuttrykk gir ein moglegheit for nærhet, forståing og sjølvregulering.
Ønskjer du for eksempel å lære korleis du kan bli betre til å snakke med tenåringen din? Korleis du kan forstå tenåringen betre, eller hjelpe med å handtere følelsar?
Ungdom som har ein høgare emosjonell kompetanse blir blant anna meir oppmerksame og trygge i situasjonar der dei opplever press frå jamaldrande. Dei kan lettare handtere konflikter og få vener.
Praktisk informasjon:
Det er gratis å delta og ein må ha moglegheit til å vere med alle gongane.
Kvar samling varer i 2 timar, kl. 14 til 16.
Datoer for vinteren/ våren 2026:
Mandag 23. februar
Mandag 09. mars
Mandag 23. mars
Mandag 13. april
Mandag 27. april
Mandag 11. mai
Gruppeleiarar: Cecilie Drotningsvik (Psykolog Familiestøttande tenester) og Tine Kopperstad (Psykolog Helsestasjonstenesta)
For meir informasjon:
Tint@alesund.kommune.no
Påmeldingsskjema finn du her:
https://skjema.alesund.kommune.no/skjema/ALE0355/Pmelding_til_Tuning_in_to_teens
Familiestøttande tenestes nettside:
https://alesund.kommune.no/barn-ungdom-og-familie/familiestotte/
Helsestasjonstenester Ålesund:
https://alesund.kommune.no/kommunen/alle-einingar/kommunalomrade-oppvekst/helsestasjonstenester/