Lurer du på kvar du kjem i frå og kven som kom før deg? Vil du finne ut meir om eiga slekt, men veit ikkje kor du skal ta til? Ålesund biblioteket ønsker velkommen til slektsforskingskurs med Kjell Inge Tomren frå Slekt og Data. Her kan du lære om korleis du kjem i gang med slektsforsking, og korleis du finn fram i kjeldene på Digitalarkivet.
Deltakarar på kurset får sjølv prøve seg fram på Digitalarkivet. Kursdeltakarane må difor sjølv ha med eiga datamaskin. Merk at kurset går over to kveldar.
Påmelding til sigurd.biornstad.syversen@alesund.kommune.no. Meld deg gjerne på i god tid. Ved påmelding får ein tilsendt ei lita førebuingsoppgåve.