Arrangement

Folkemøte: Presentasjon av tålegrenseanalyse for turisme i Ålesund

Hosted by:
Ålesund kommune inviterer til folkemøte! Tysdag 24. februar kl. 17.00 blir resultata frå den ferske tålegrenseanalysen for turisme i Ålesund presentert i Bystyresalen. Møtet er ope for alle – innbyggarar, næringsliv og andre som er interesserte i korleis vi kan utvikle Ålesund som berekraftig reisemål. 🔍 Kva handlar analysa om? Sidan hausten 2024 har Ålesund kommune, i samarbeid med Tell Norge (tidlegare PWC) og ei brei gruppe lokale aktørar, kartlagt korleis turismen påverkar byen, både positivt og kva som skapar utfordringar. Målet er å finne eit berekraftig nivå av besøkande og eit kunnskapsgrunnlag som kan brukast i vidare planlegging, besøksstyring og arbeidet med Merket for berekraftig reisemål. 🎤 På folkemøtet får du: 🔹 Presentasjon av funn, vurderingar og anbefalingar frå Tell Norge 🔹Innsikt i kva som påverkar tåleevna i byen og regionen 🔹Moglegheit til å stille spørsmål 👉Praktisk informasjon: 📅 Dato: Tirsdag 24. februar 📍 Sted: Bystyresalen i Ålesund rådhus (Samme hovedinngang som biblioteket, 4. etasje) 🕔 Tid: Kl. 17.00
Category
Debate

Copy link for sharing to facebook groups

February 24, 2026

16:00 — 18:30

Practical Information

PlaceKommunestyresalen (Samme hovedinngang som biblioteket, 4. etasje)
AddressKeiser Wilhelms gate 11, 6025 Ålesund
Contact person
Social networks:facebook.com

If you have any questions, please do not hesitate to contact us