Ressursgruppa består av 2 representantar for kvar av Frivilligsentralane og den skal fungere som eit rådgjevande organ.
Ålesund kommune har fire frivilligsentralar: Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund.
Kvar frivilligsentral har lokal tilknyting og arbeider med og for frivilligheita i sitt område.
Medlemmane i gruppa skal hjelpe til å skape tettare sammarbeid mellom lag og organisasjonar og mellom frivilligsentralane i kommunen.
Å vere medlem i gruppa er eit frivillig verv, ein må vere fylt 18 år og ha eit ønske om å vere engasjert i lokalsamfunnet vårt.
Kva ressursgruppa skal engasjere seg i blir bestemt i gruppa, men kan til dømes vere:
- Dele synspunkt, idear og gi råd.
- Vere eit utvida nettverk for Frivilligsentralane.
Kva gjer vi i 2026:
I 2026 ønsker vi at kvar av medlemmane i ressursgruppa skal gjere seg kjent med kva deira lokale frivilligsentral gjer for arbeid.
Dei kan bruke årsrapporten 2025 som utgangspunkt for å få ein oversikt over noko av det faste som førgår på frivilligsentralen lokalt.
For å gjere seg endå meir kjend med arbeidet til frivilligsentralen er det eit ønske at ressursgruppemedlemmane finn eit av dei aktivitetane til frivilligsentralen og «heng seg på» i arbeide for å får eit innblikk i korleis ein arbeider.
Representantane for Sandøy Frivilligsentral har valgt følgande aktivitetar dei ønsker å følge:
- Ungdomsklubben Kvalen
- Fole kjekt å vere sosial og digital
Representantane for Ålesund Frivilligsentral har valt følgjande aktivitetar dei ønskjer å følgje:
- TV-aksjonen: Frivilligsentralen er ein viktig lokal samarbeidspartnar i gjennomføringa av TV-aksjonen.
- Kullingane: Ei satsing for innbyggarar fødde i 1961 frå heile Ålesund kommune (møteplassar, fellesskap og aktivitetar som fremjar helse, trivsel og sosial deltaking).
Kunne du tenke deg å bli eit medlem av ressursgruppa - send oss ein e- post eller ring.
Ønsker du å snakke med ein av representantane for ressursgruppa: ta kontakt med ein av frivilligsentralane så vidareformidlar vi beskjed.
