Synest du, som mange andre, at foreldrerolla kan vere strevsam? Dette praktiske kurset er
for deg som ønskjer å øve på korleis du best kan møte ditt barn sine følelsar. Kurset går over to dagar og er opplevingsbasert,
med ei blanding av teori, øvingar og eigenarbeid. Du får lære om fire ferdigheter for følelsesbevisste foreldre.
EFST (Emotion Focused Skills Training):
Empatisk validering: Korleis møte barn sine følelsar på ein god måte.
Grensesetting: Sette sunne og fleksible grenser.
Reparasjon: Korleis reparere og seie unnskyld.
Håndtering av eigne følelsar: Korleis dine eigne følelsar kan stå i vegen for at du får gjort ditt beste for barnet ditt.
Praktisk informasjon:
- Tidspunkt: Torsdag og fredag 23.-24. april og 11.-12. juni kl. 09 til 16. (Du melder deg på eitt av kursa når du søker).
- Kursavgift 100,-.
- Barn skal ikkje delta eller vere med på kurset.
- Det blir servert kaffi, te og litt snacks i pausene, men alle må ta med eigen matpakke i lunsjen.
- MERK, du må ha anledning til å ta del begge dagane for å kunne melde deg på.
Kurshaldarar: Cecilie Alida Drotningsvik (Psykologspesialist ved Familiestøttande tenester),
Tine Cicilie Kopperstad (Psykologspesialist Helsestasjonstenester) og Kristin Valderhaug Martinsen (Psykologspesialist i PPT, Ålesund Kommune).
Alle foreldre er velkomne uansett bakgrunn, alder på barna eller situasjonen familien er i.
Om du har spørsmål kan du ta kontakt på e-post: Tine.Cicilie.Kopperstad@alesund.kommune.no
Meld deg på her:
Påmelding til foreldrekurs i emosjonsfokusert ferdighetstrening